Hav, handel og helse - Ålesund
Hav, handel og helse
Hav, handel og helse er fokusområda til NTNU i Ålesund.
Vi utviklar vår eigenart gjennom å vere tett på våre partnarar i regionen, i vårt samarbeid med andre fagmiljø, og ved å utvikle vårt internasjonale nettverk. For å vere eit leiande kompetansemiljø er samspel avgjerande.
Hav
Havrom er eitt av dei tematiske satsingsområda til NTNU, og aktivitetane i Ålesund sentrale. NTNU forsyner dei kompetansetunge klyngene og dei over 200 maritime og marine bedriftene med ny kunnskap gjennom spesialisert utdanning mot havrommet.
Handel
Sunnmøre har ein lang tradisjon innan handel og er i dag ein av Noregs viktigaste eksportregionar. Våre utdannings- og forskingsprogram er nært knytt til behova i regionen, der økonomi, marknadsføring, innovasjon og leiing står sentralt.
Helse
Helse er eitt tematiske satsingsområde for NTNU og i Ålesund er vi tett på behova som arbeidslivet har. Vårt mål er å levere kunnskap for framtidsretta helsetenester og vi har derfor ei brei satsing også innan helseforskinga for samfunnet vårt.
Forsking
Utviklingsplan for 2019 - 2025 er eit tverrfaglig samarbeid for NTNU i Ålesund der hav handel og helse er fokusområda.
Oversikt over institutt i Ålesund
Institutt for helsevitskap i Ålesund (IHA)
Institutt for biologiske fag i Ålesund (IBA)
Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk (IHB)
Institutt for IKT og realfag (IIR)
Institutt for internasjonal forretningsdrift (IIF)
Podkast Hav Handel Helse