NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Dei små forskarane
Øistein Sonstad (6 1/2 år) og Bendik Romundstad (7 år) går i same klasse på Bispehaugen skule. Dei veit kanskje ikkje sjølve at dei i leik og samtale seg i mellom eigentleg er små forskarar. (Illustrasjonsfoto)

Bendik: Kordan miste man hukommelsen?

Øistein: Først husker man noe, og så glemmer man det - da har man mista hukommelsen.

Øistein forklarer Bendik kva 'hukommelse' er. Begge bur på Møllenberg og går i same 2 klasse på Bispehaugen skule. Ei gammal senil dame på TV kan får dei til å tenke nye tankar om kva 'hukommelse' eigentleg er for noko. Når dei leikar i lag, hender det at dei må forklare kvarandre om korleis ting heng saman.

Barn som er rundt seks år spør og undrar seg over det meste, og det er ikkje få gonger at foreldre blir skyldig svar. Har ikkje vaksne ofte sjølv fått ny innsikt i møte med barn si undring? Det er ikkje for ingenting at vi kan kalla dei for små filosofar, men kanskje kan vi også kalle dei for små forskarar?

Barn er forskarar

På same måte som forskarar testar hypotesane sine, prøver barn ut synspunkt og teoriar når dei samtaler med kvarandre. Forskjellen er at barna gjerne er meir kreative og frimodige i si utforsking. Dette er kunnskap Synnøve Matre har kome fram til i si doktoravhandling om emnet. Hennar kvalitative undersøking rokkar ved ei velkjend oppfatning om at barn lærer språk ut frå eit ønske om å fortelje noko. Det aller meste av litteraturen på dette området handlar om korleis barn nyttar språk i forteljingar. Matre sitt materiale følgjer ikkje opp dette biletet. Ho viser i si avhandling at den utforskande språkbruken er vel så vanleg. Barn er små forskarar med språket som viktigaste forskingsreiskap, og ikkje reine etteraparar.

Den gode samtalen

Matre har følgd 12 barn over tid. Ho har frå sidelinja registrert det barna - to og to i lag - har samtala om, medan dei spikkar i tre.

- Først snakka gjerne barna litt om det å spikke, om det nærverande. Etter kvart fekk tankane og samtalane meir eit «der-og-då-preg» over seg. Dei kom til å tale om hypotetiske hendingar og om forhold knytte til fortid og framtid. Eg trur den gode roen som spikkinga gav var viktig for at barna skulle få tankerom til å føre utforskande og filosofiske samtalar, seier Matre.

Ut frå sitt materiale har Matre plukka ut samtalesekvensar som ho har gjort samtaleanalysar på.

- I ein dialog må ein først sikre seg merksemd - etablere ein kontakt. Så følgjer ei turveksling mellom samtalepartane. Barna vekslar mellom å lytte og tale. Eg har fokusert på dei samtalane som viser ein velutvikla evne til å kome med innhaldsmessig relevante bidrag til samtalen.

For Matre har det vore spesielt interessant å fokusere på dei utforskande - heuristiske - tekstane. I desse sekvensane prøver barna å skape system og meining i meir eller mindre kaotiske og uklåre samanhengar.

Utforsking og meiningsskaping

Matre tar fram eit eksempel på ein samtale der ein av informantane - Per - finn på ordet 'gløtt' for å forklara kva som skjer med jern når det smeltar. Barna samanliknar produktet med vatn og talglys og får dermed sagt noko om konsistensen. Dei føyer til adjektiv og lagar nye og originale ordkombinasjonar og får slik sagt noko om temperatur og farge. Dei forhandlar og samarbeider intenst om å få meining i eit omgrep, om å kome fram til betre innsikt. Slik kan ein seie at barn nyttar språkleg kreativitet i arbeidet med å skape meining.

Matre ser klåre likheitsstrekk til vitskapleg tenking i samtalane som barna har med kvarandre.

- Det er den same måten å gå til verks på. Ein startar med ein påstand som gjerne blir stilt spørsmålteikn til, kritisert eller opponert mot: «gløtt, ka er gløtt?». Så må ein prøve ut hypotesane - påstandane. Det gjer barna ved å samtale.

Synnøve Matre legg vekt på det utforskande i dei språklege strategiane, som blant anna inneber at barna skiftar perspektiv - og med det gjer dei avanserte kognitive operasjonar. Dei tenkjer seg inn i andre situasjonar og ser ting frå ulike vinklar.

Matre trekkjer fram ein samtalesekvens der ein gut set seg inn i korleis jakt kan opplevast ved å tenkje seg inn i elgane sin situasjon under elgjakta. Med det kastar han lys over eit synspunkt ved å ta eit anna perspektiv. Strategien krev fleksibilitet i tankane og ei vel utvikla evne til å kombinere fleire perspektiv på tilværet.

Barna gjentar ofte seg sjølv, gjerne med presiseringar. Nyansar og samanhengar er ikkje klåre i utgangspunktet, og utdjupingar, tilføyingar, konkretiseringar og korreksjonar av noko dei sjølve har sagt, tolkar Matre som at barna er på leit etter forståing. Dei prøver å snakke seg fram til klårleik, seier Matre og trekkjer fram barna si evne til å skape nye ord og ordkombinasjonar.

- I denne utforskinga finst det leik og kreativitet. Barna er frimodige i forhold til språket. Dei brukar språket som eit reiskap til å få orden på tilværet - få betre innsikt, seier Matre.

Synnøve Matre har kome med ny
innsikt i doktoravhandlinga si, som ho tok ved Institutt for nordistikk og
litteraturvitskap ved NTNU i fjor.


Ny innsikt

Matre fann at det var fem-seks-åringane som var mest utprøvande og utforskande i språkbruken sin. Det kan vere mange årsaker til det, meiner ho. Det kan ha noko med utviklingstrinnet å gjere, det kan også ha samanheng med at dei har begynt i skulen.

Matre meiner vi har for lite kunnskap om korleis barn utforskar og prøver ut tankar og idéar, og også om kva situasjonar som stimulerer slik aktivitet.

- Ein er framleis i skuleverket for lite flink til å bygge opp kring det utforskande potensialet som barna har, seier Matre som har stor tru på å legge meir av undervisninga utanfor klasserommet, ute i naturen, slik mange småskulelærarar nå gjer. I slike samanhengar er det god plass til dei ekte, undrande spørsmåla - og til å gå inn i samhandling med andre barn og med læraren.

Bendik og Øistein brukar språket for å forstå verda. Dei er utforskande. Bendik undrar seg til dømes over at mennesket skulle stamme frå apene. Han veit godt at han er eit menneske, men han veit også at han er fødd av mor si. Han resonnerer seg fram til innsikt:

- «Mamma er ei ape...», Bendik må stoppe opp, han ser på mor si - noko er feil. Han prøver på nytt. - «Bestemor er ei ape...», han stoppar opp igjen, tenker seg om, - «eh nei...», han tviler. Men til slutt foreslår han at det må vere mora til bestemor som er ei ape.


KAREN ANNE OKSTAD
SISSEL MYKLEBUST (FOTO)
Elg-samtale:

Vegard:

vet du hva?

æ har vore med på elgjakt æ

æ syns det er hæslig

Hallvar:

æ sier bare stakkars elga æ

Vegard:

ja

Hallvar:

som bli skjøtte

tenk om vi hadde vorre elga så hadde vi vorte skjøtte

Vegard:

mhm

Hallvar:

tenk om de som hadde skytte hadde vorre elga så hadde dem vorte skjøtte

da hadde det ikke vorre godt for dem

Vegard:

men æ veit kofor dem blir skjøtte

for tenk dæ viss det hadde vore femti tusen på ei gjæle

så hadde ingen fått noe mat

hadd ittj fått nok mat
 
Forskeren:

Synnøve Matre er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sør-Trøndelag. For doktoravhandlinga si - Munnlege tekstar hos barn. Ein studie av barn 5-8 år i dialogisk samspel - som ho tok ved Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap ved NTNU, fekk ho Halvdan Koth-stipendet i 1999. Prisen fekk ho «for nyskapande forskingsarbeid om barnespråk» og fordi ho «kombinerer teori med praksis ved å setja døme inn i ein større teoretisk samanheng slik at det praktiske gir liv til teorien».