Mobilfeber blant unge
 |
|
- Over halvparten av elevane i klassen vår har
mobiltelefon, seier 10. klassingane Mari Solberg Roos (t.v.) og Maja Nesjan
(t.h.). Klasseveninna Eva Sætereng Wiken (midten) skal også
snart få seg éin. |
|
|
|
Ei ny undersøking utført ved NTNU viser at nesten halvparten
av alle 9. klassingar har eigen mobiltelefon. Barneombodet reagerer kraftig
på kjøpepresset og krev tiltak frå Regjeringa.
Kring 45 prosent av 9. klassingar har mobiltelefon. Nesten like mange
jenter som gutar har mobiltelefon. Det viser ei undersøking om ungdom
sin bruk av ulike læremidler, der også bruken av IKT heime
og på skulen inngår.
- Dette er oppsiktsvekkjande resultat, seier fyrsteamanuensis Berit
Skog ved Insitutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU, som har leia
undersøkinga. Ho viser til at mobiltelefonbruken blant unge har
auka kraftig dei siste åra. Undersøkinga er gjennomført
på oppdrag frå Nasjonalt læremiddelsenter og byggjer
på ein spørjeundersøking blant eit landsrepresentativt
utval elevar i 9. klasse våren 1999. 2980 elevar frå 70 skular
svara på sprøjeskjema. Svarprosenten var 85.
Ungdom ekskludert
- Flott at me endeleg har tala på bordet, seier barneombod Trond
Waage om resultatet frå undersøkinga. Barneombodet har fått
dei siste åra fått mange reaksjonar frå fortvila foreldre
og ungdom som reagerer på kjøpepresset for mobiltelefon retta
mot ungdom.
- Me har døme på ungdom som er blitt ekskludert frå
vener fordi dei ikkje har mobiltelefon. Dette er leit, seier Waage. Barneombodet
peikar også på at mobiltelefonbruk endrar det naturlege sosiale
nettverket blant unge.
- I sommar skulle til dømes ungdomar i Trondheim ha fest. Dette
blei spreidd i mobiltelefonnettverket og plutseleg var "halve byen" på
døra. Resultatet vart eit rasert hus.
Waage er også uroa for strålingsfaren som er knytta til
bruk av mobiltelefon.
- Det finst lite dokumentasjon på dette. I Storbritannia har helseministeren
teke dette på alvor og sett ned ein komite som skal sjå på
strålingsfaren. Dette har ikkje blitt gjort i Norge - trass i at
Regjeringa har gode forskingsmiljø til dømes ved NTNU, seier
Waage som mellom ulike tiltak etterlyser opplysing til foreldre.
- Dessutan må skule og idrettsarenaer vera kjøpe- og reklamefri
sone. Skulen må ta dette problemet på alvor. Viss ikkje dette
nyttar, må Regjering gå inn med reguleringar som skjermar ungdomen
mot kjøpepresset, seier barneombodet.
Kjøpepress i skulegarden
- Det er råmange i klassen som har mobil - minst over halvparten,
seier Mari Solberg Roos i klasse 10 D ved Blussuvoll skule. Mari fekk mobiltelefon
til konfirmasjonsdagen i fjor. Det gjorde også klasseveninne Maja
Nesjan. Eva Sætereng Wiken i parallellklassen har ikkje fått
mobiltelefon enno, men det blir det ei ordning på.
- I dag skal eg også endeleg kjøpa meg éin, seier
Eva. Alle tre meiner dei har behov for mobiltelefon:
- Me blir meir tilgjengelege. Dessutan er det artig å senda meldingar.
Jentene innrømmer at dei sender meldingar i timen viss undervisinga
blir for kjedeleg.
- Me kan til dømes avtala når me skal gå på
trening. Og så flørtar me litt med gutane, ler jentene. Mari
trur at sidan stadig fleire får mobiltelefon, er det nokon som opplever
kjøpepress:
- Når du ser at alle andre har, er det vanskeleg å stå
i mot.
NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)
|