Opnar døra mot næringslivet
Det nye karrieresenteret på Gløshaugen er attraktivt
for næringslivet.
- Det er akkurat ei slik teneste me i næringslivet treng for å
finna fram til dei gode kandidatane, seier Jan Øyri, ass. personaldirektør
i Elkem.
Før nyttårsskiftet er det nye karrieresenteret på
Gløshaugen på føtene. Karrieresenteret skal blant anna
formidla jobb og praksis til sivilingeniørar og realfagsstudentar.
Enno er det ikkje klarlagt kva eksterne oppgåver senteret skal ha.
Likevel ynskjer næringslivet det nye karrieresenteret velkomen.
- Den tradisjonelle rekrutteringa med utlysingsannonser er berre éin
av fleire metodar. Internettenester og meir oppsøkjande verksemd
retta mot universitet og høgskular må til for å få
tak i dei beste kandidatane, seier Gunn Marit Eriksen, personal-direktør
i Ericsson. Ho finn det vanskeleg å finna relevant kompetanse blant
dei nye fagkombinasjonane ved NTNU.
- Her må universitetet bli flinkare til å marknadsføra
seg, seier Eriksen.
Jan Øyri, assisterande personaldirektør i Elkem, karakteriserer
det nye karrieresenteret på Gløshaugen som «Veldig attraktivt».
- Eit slikt karrieresenter er akkurat ei slik teneste me i næringslivet
treng og vil vonaleg gjera det lettare å få kontakt med kandidatane
ved NTNU.
Karrieresenter
Det nye karrieresenteret på Gløshaugen, som skal formidla
jobb og praksis til sivilingeniørar og realfagsstudentar, er ein
del av «Studentservice». Denne nye servicefunksjonen for alle
studentar ved NTNU skal omfatta - i tillegg til karriererådgjeving
- studierettleiing, informasjon til funksjonshemma og utanlandsstudentar.
Studieavdelinga skal lysa ut stilling etter karriererådgjevingskonsulent
1. september og håpar på å få personen på
plass innan årsskiftet. «Studentservice» skal i skuleåret
1999/2000 halda til i Hovudbygget og frå hausten 2000 på Stripa.
Sidan 1997 har NTNU hatt karrieresenteret Origo på Dragvoll. |
NORALV PEDERSEN
|