NTNU tapar millionar på elitestudentar
Universitetet går glipp av millionar i tapte inntekter på
kontaktformidling mellom elitestudentar og næringslivet. NTNU ynskjer
framleis ikkje å tene pengar på sine best kvalifiserte studentar.
Det siste året har eit privat rekrutteringsfirma tent mange millionar
på privat kontaktformidling
Eit privat rekrutteringsselskap har håva inn mange millionar det
siste året på kontaktformidling mellom høgt kvalifiserte
jobbsøkjarar og norsk næringsliv. NTNU ynskjer framleis ikkje
å tena pengar på sine eigne elitestudentar.
Det internasjonale konsulentselskapet EMDS har dei siste åtte
månadane håva inn 5 millionar på norsk næringsliv
si jakt etter gode kandidatar. EMDS har arrangert to rekrutteringsmesser
i Oslo der 22 norske og internasjonale selskap har fått møte
elitestudentar - mellom anna frå NTNU - og dyktige kandidatar med
jobberfaring. For den todagar lange seansen betalar kvar verksemd ei avgift
på mellom 100.000 og 300.000 - alt etter kor mange kandidatar dei
ynskjer intervjua. I november skal EMDS arrangera ei ny rekrutteringsmesse
i Oslo der 20 selskap vil ta del. 2000 kandidatar har til no søkt
om å få møta desse. EMDS er det einaste rekrutteringsselskapet
av dette slaget på den norske marknaden.
Vil tene pengar på elitestudentar
- NTNU kunne ha gjort mykje av det same som EMDS og betre, seier Tor
Bollingmo, dagleg leiar ved karrieresenteret Origo. Han hevdar at både
NTNU og studentane undervurderer marknadsverdien sin.
- Ingen har forutsetning til å formidla kontakt mellom næringslivet
og NTNU-studentar betre enn NTNU sjølv. I dag er det kun UKA, IAESTE,
Bindeleddet, Nettverket og nokre linjeforeiningar som formidlar kontakt
mellom studentar og næringsliv. Det er eit problem at fordelar frå
til dømes bedriftspresentasjonar ikkje kjem alle studentar til gode.
Bollingmo saknar slike tenester for alle studentar ved NTNU.
- Det trengst meir profesjonell karriererådgjeving, seier Bollingmo
og viser til Stanford University i USA der studentane på eit tidleg
tidspunkt i studiane får kontakt med både verksemder og risikokapital.
- NTNU skal ikkje vera redde for å tena pengar på eigne
elitestudentar. Det er ikkje noko problem å finna ei organisatorisk
løysing på ei slik oppgåve. Det er betre enn at internasjonale
selskap som EMDS gjer det. Forutsetninga må sjølvsagt vera
at pengane kjem alle studentane ved NTNU til gode. Dei millionane næringslivet
brukar på rekruttering kunne NTNU ha nytta til å utvikla studentar
sine foretningsidèar og teknologiske nyvinningar. Det skjer alt
for lite av dette i dag. Viss NTNU har håp om å bli eit Silicon
Valley, må universitetet også tora å eksperimentera og
ta sjansar, seier Bollingmo.
Skeptisk rektor
- Eg ser det som vanskeleg at NTNU skal gå inn på den kommersielle
marknad på det viset, seier Emil Spjøtvoll. Rektoren ved NTNU
er meir positiv til alumni, det å byggja nettverk ved å halda
kontakten med gamle kjente frå studietida.
- Dette viser seg å vera ein effektiv måte å knyta
kontakt mellom verksemder og studentar, hevdar Spjøtvoll som meiner
alumni og nettverksbygging også høver godt for fagmiljø
ved Dei frie faga på Dragvoll. Sjølv om rektoren ikkje utelukkar
at Origo-senteret på Dragvoll og det nye karrieresenteret på
Gløshaugen kan få utvida oppgåver knytta opp mot næringslivet,
kjem ikkje denne problemstillinga på dagsorden på denne sida
av tusenårsskiftet. Det gjer heller ikkje spørsmålet
om å organisera NTNU sin eksterne karrierekontakt gjennom eit innovasjonssenter
knytta til universitetet.
NORALV PEDERSEN
Les mer om denne saken:
Oppnar
døra mot næringslivet |