Attraktive humanistar
Fullfører humanistar,samfunns- og naturvitarar
utdanninga si, går det dei godt. No er næringslivet i ferd
med å oppdaga miljøa på Dragvoll og Lade.
Studentar vel tradisjonelt. Over
60 prosent arbeider i skuleverket eller i offentleg administrasjon. - Men
no har næringslivet for alvor fått opp augo for Dragvoll- og
Lade-studentane, seier Tor Bollingmo, leiar ved Origo, NTNU sitt karrieresenter.
Foto: Erik Prytz Reitan
Halvparten av humanistane, samfunns- og naturvitarane
har fast arbeid innan ein månad etter endt utdanning. Tre av fire
er i jobb innan seks månadar. Dette viser ei kandidatundersøking
som er utarbeidd av Origo, NTNU sitt karrieresenter. Undersøkinga
er basert på 850 returnerte spørjeskjema frå kandidatar
ved NTNU med cand.mag.-grad eller hovudfag. Svarresponsen var 70 prosent.
Tener bra
- No kan me avliva mytane om at studentar frå
dei frie faga ikkje får seg jobb og at yrka er dårleg betalt,
seier Tor Bollingmo, leiar ved Origo-senteret.
Den gjennomsnittlege månadsinntekta for
kandidatane var 22 000 kroner. Desse verdiane stemmer godt med NIFU (Norsk
institutt for studier av forskning og utdanning) sin kandidatundersøking
frå 1997. I følgje tal frå NIFU har ingeniørar
ved kjemitekniske fag lågast månadsløn på 16 500
kroner.
- Det låge lønsnivået har samanhang
med at ein stor del av dei høgskuleutdanna kjemiingenørane
ikkje arbeider med det dei er utdanna til, forklarar Bollingmo.
Kandidatundersøkinga viser at universitetsutdanna
i privat sektor i gjennomsnitt tener 1 000 kroner meir per månad
samanlikna med offentleg tilsette. For nokre fag som psykologi og informatikk
utgjer skilnaden 3 000 kroner i månaden.
Tenkjer tradisjonelt
Undersøkinga viser at psykologar og pedagogar
får lettast arbeid - blant kandidatar med allmennvitskapleg utdanning,
medan språkfag- og biologiutdanna har strammast arbeidsmarknad. Bollingmo
er uroa over at over éin av fire kandidatar frå biologifaga
opplever mistilpassing i arbeidet sitt, det vil seia ufrivillig deltidsarbeid
eller irrelevant arbeid.
- For realfagsstudentane er arbeidsmarknadsorienteringa
i studietida nesten lik null. Erfaring viser at det skal lite informasjon
til for at studentane skaffar seg betre oversikt over jobbmarknaden. Frå
Origo-senteret har me fleire døme på realfagstudentar som
etter litt rettleiing raskt har fått gode jobbar, fortel Bollingmo
Studentar tenkjer framleis tradisjonelt i val
av yrke. Over 60 prosent arbeider i skuleverket eller i offentleg administrasjon.
- Men no har næringslivet fått opp
augo for Dragvoll- og Lade-studentane. Ein fjerdedel av kandidatane som
fullførte cand.mag.-grad eller hovudfag i perioden 1993-97, arbeider
i privat sektor. Denne utviklinga vil bli forsterka i åra som kjem,
hevdar Tor Bolllingmo.
Les
også: Næringslivet kjempar om studentane
Les
også: Jakta på den store jobben
Les
også: Seks gode råd om jobbsøking
|