Næringslivet kjempar om
studentane
Siv.ing.-ar med jobbtilbod før
endt utdanning
Jobbane står i kø for teknologistudentane
ved NTNU. Over 60 prosenta av siv.ing.-studentane har tilbod om jobb før
endt utdanning.
Mussi Debesai (28) kikker etter jobber ved karrieresenteret
på Dragvoll.
Foto: Erik Prytz Reitan
60 prosent av maskinstudentane dei siste to skuleåra
har hatt jobbtilbod før dei har levert hovudoppgåva. Ved Institutt
for produktdesign har alle kandidatane opptil fleire jobbar på hand
meir enn eit halvt år før endt utdanning. Dette går
fram av ein oversikt over alle hovudoppgåvestudentane ved Faktultet
for maskinteknikk (Maskin).
Teknologihets
Åge Søsveen, faktultetsdirektør
på Maskin, meiner kleppinga av studentar under utdanning berre vil
halda fram sidan næringslivet er i ferd med å oppdaga studentane
sin kompetanse i stadig større grad.
- Problemet er at me ikkje klarar å skaffa
nok kandidatar, seier Søsveen. Han er derfor uroa over at søknaden
til maskinstudiet har vore sviktande dei siste åra. Fakultetsdirektøren
hevdar årsaka er generell «teknologihets» i samfunnet.
- Dessutan har tradisjonelle siv.ing.-studium
komne i skuggen av IT-kampanja ved NTNU - trass i at Maskin er blant dei
tyngste brukarane av IT, seier Søsveen.
Lett å få jobb
Det er ikkje berre ved Fakultet for maskinteknikk
arbeidsmarknaden er lukrativ for studentane.Ved Institutt for industriell
økonomi og teknologileiing (Ind.øk.) hadde 80 prosent av
avgangsstudentane i fjor haust jobbtilbod før dei var ferdig med
å studera. Det viser ei arbeidssituasjonsundersøking som er
blitt utført av Bindeleddet, Ind.øk. si linjeforeining.
Trine Alfredsen (27) får
hjelp av Origo-medarbeider May Linda Hamm (24) med jobbsøknaden
sin.
Foto: Erik Prytz Reitan
Arbeidsmarknadsundersøkinga til Norske
Sivilingeniørers Forening (NIF) stadfestar også tendensen.
Resultata frå siste undersøking i 1997 viser at talet på
arbeidslause siv.ing.-ar er kraftig redusert frå 1995 til 1997. I
1997 gjekk 98 av 100 siv.ing.-ar rett ut i arbeid etter dei var ferdige.
På fagretningane data, elkraft, marin prosess og øk/adm var
det i 1997 ingen utan jobb. Kjemi, miljøfag og berg hadde høgst
arbeidsløyse. Ni av ti kandidatar svara at stillinga dei hadde fått
var i samsvar med den fagretninga dei hadde gått og med utdanningsnivået
dei hadde.
1. Kjelde: Arbeidsmarkedsundersøkelse blant
eksamenskandidater 1997 (NIF).
2. Kjelde: Oversikt over hovudoppgåve-studentar
ved Fakultet for maskinteknikk 1997-1999.
3. Kjelde: Arbeidssituasjonsundersøkinga
1998 utført av Bindeleddet.
Les
også: Attraktive humanistar
Les
også: Jakta på den store jobben
Les
også: Seks gode råd om jobbsøking
|