NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
- Viktig debatt

- Eg er ikkje overraska over dei forholda som dei vitskapleg tilsette påpeiker. Eg er glad for at problematikken blir teke opp. Dette er ein viktig debatt ved NTNU.

Det er Jon Egil Strand, nyvald leiar av Studentersamfundet, som seier dette. Han forklarar det låge engasjementet i førelesingssalen med måten professorane handsamar studentane på.

- I 1. og 2. klasse skal studentane pløya gjennom x antal pensumsider og blir på den måten berre eit samlebandprodukt. Det er fyrst dei to siste åra dei tilsette verkeleg viser vilje til dialog med studentane og der studentane i større grad får vera med å bestemma innhaldet i sin eigen studiekvardag, seier han.

Eksamensfokusert

Strand er samd i kritikken om at norske studentar er for eksamensfokusert.

- Her har også førelesarane eit stort ansvar å leggja opp undervising som ikkje er so einspora eksamensretta - slik han er i dag. Det er positivt at førelesarar som Martin Ystenes oppfordrar til logisk resonnement. Me går trass alt på universitetet for å læra - ikkje for å ta eksamen.

Strand meiner det er fyrst på hovudfagsnivå at ein finn dei erkjennelsessøkjande studentane.

- Alt for mange på grunnfag går på universitetet for å ta eksamen. Dei ser på det å koma gjennom eksamen som det viktigaste - alt anna er irrelevant, seier Strand som kan fortelja at Studentersamfundet til hausten skal arrangera eit laurdagmøte med tema «Universitetet i krise». Strand ser ikkje vekk frå at denne problematikken vil bli eit viktig emne på møtet.

Still krav til tilsette

David Baum, avtroppande leiar i Norsk Studentunion (NSU), meiner også debatten er viktig, men etterlyser at tilsette også tek ansvar for situasjonen.

- Det er dei vitskapleg tilsette som utgjer fleirtalet på universiteta og som reelt bestemmer. Då må dei ta sin del av ansvaret for å få engasjerte studentar. Når Martin Ystenes påstår at norske studentar manglar bedriftskultur, kritiserer han kundane sine. Og viss studentane får høyra at dei ikkje er gode nok kundar, trur eg dei vil sjå seg om etter andre oppdragsgivarar.

Baum meiner også at den vidaregåande skulen må ta sin del av ansvaret.

- Det er mange likskapstrekk mellom vidaregåande skule og universitetet. Studievanane frå vidaregåande har ein tendens til å forplanta seg på høgare utdanning, hevdar Baum. Han tykkjer det er pussig at dei tilsette etterlyser større pensum, for som han seier:

- Det står i deira makt å auka pensum så mykje dei vil. La dei peisa på, så får me sjå.

Baum er samd i at mange studentar manglar skrivekompetanse. Han etterlyser langt meir lese- og skrivetrening.

- Det er for seint å byrja å skriva på hovudfag. Skrivinga må inn frå grunnfagsnivå. Med ein stadig aukande informasjonsflaum må studentane læra seg å samla inn og prioritera informasjon på ein effektiv måte, seier David Baum.

Les også: Studentar utan initiativ