NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Studentar utan initiativ

NTNU-lærarar gjev norske studentar «stryk-karakter» i eksamensinnspurten.


Norske studentar klagar over stort pensum, sjølv om dei berre har halvparten av det kollegar i USA har, hevdar NTNU-tilsette. (Illustrasjonsfoto)

Norske studentar:

  • Manglar bedriftskultur
  • Bruker ikkje logisk sans
  • Klagar
  • Er pensumfikserte
  • Manglar folkeskikk
  • Er tause


  • - Norske studentar er ein organisasjon som manglar bedriftskultur. I ei verksemd oppfører ein seg slik at det gagnar fellesskapen, og alle har eit medansvar for at også andre følgjer uskrivne reglar. Blant studentar er plagsom framferd «kult», og blir det for ille, så påkallar dei «høgare makter» i staden for å rydda opp sjølv.

    Det er Martin Ystenes, professor i uorganisk kjemi, som seier dette. Ystenes er kjend som ein engasjerande førelesar som ikkje er redd å seia i frå.

    - Studentane oppfattar seg som kjøparar av studenttilværet, ikkje som medarbeidarar i ein organisasjon. Dermed klagar dei viss dei ikkje er nøgd med vara som er levert, i staden for å finna ut om dei sjølv kan gjera noko annleis. Mange studentar framstiller seg som svakare enn det dei er - hoppar bukk over motstand i faget, tyr til lettvinte løysingar. Ein byrjar ikkje på Gløshaugen for å bli student, men for å bli sivilingeniør.

    Studentane må hugsa at dei ikkje er her for å bli studentar, men for å bli sivilingeniørar, seier Martin Ystenes som tykkjer tendensen han påpeikar, har blitt tydelegare med åra.

    Bruker ikkje logikken

    Ystenes, som har forskarerfaring frå USA og Tyskland, likar å provosera studentane i førelesingssalen med kontroversielle påstandar.

    - Utan respons og tovegskommunikasjon kan ikkje undervisinga bli god, påstår Ystenes. Etter 13 år som førelesar har professoren observert stor skilnad i engasjement frå kull til kull. Ystenes bruker ei undervisingsform der han let studentane læra nytt stoff frå scratch ved å arbeida med oppgåver, enkle først - så stadig vanskelegare.

    - Ein gong formulerte eg ei førsteoppgåve som var så enkel at dei aller fleste utan skulegang ville få det til - i det minste funne eit svar. Likevel opplevde eg at halvparten fann fram læreboka for å finna ein formel. Denne haldninga til faget trur eg er meir utbreidd i Norge enn andre stadar.

    Ystenes hevdar også at det står dårleg til med folkeskikken til studentane:

    - Studentkulturen er delvis i strid med vanleg folkeskikk. Ein førelesar i dag må planleggja utfrå den kjensgjerningen at studentane kjem for seint til første time. Blir det då gjeve opplysingar i byrjinga av timen, så blir det mange spørsmål på neste øvingstime. Ystenes forklarar fenomenet med haldningar som studentane har med seg frå vidaregåande skule, der ein kan koma 15 minuttar for seint utan å få ført fråvere.

    Pensumfikserte

    - Dienst ist Dienst, und Schnaps ist Schnaps, seier Beate Ystenes frå Aust-Tyskland. Ho har studert i den tidlegare kommuniststaten, men tok dr.ing.-graden i uorganisk kjemi ved NTNU og har undervist på i kjemi på Gløshaugen og Rosenborg. Med det tyske utsagnet viser ho til studentane si uhøflige framferd ved å eta i timane og å koma for seint.

    - Det er veldig irriterande for både førelesar og medstudentar. Frå Aust-Tyskland er eg van med at når du jobbar, så jobbar du. Beate Ystenes tykkjer norske studentar får alt lagt opp i hendene:

    - Dei lærer ikkje å ta ansvar for eiga læring og sin eigen situasjon. Dei manglar haldninga «eg vil læra». Det kan verka som om det norske skulevesenet rett og slett er med på å drepa utforskartronga - det å læra seg nye ting.

    Frå Aust-Tyskland er Ystenes van med at det blir stilt krav til studentane sin eigeninnsats.

    - I Aust Tyskland var alt frå både boka og undervisinga pensum, fortel Ystenes. Studentane på Gløshaugen, derimot, er ekstremt pensumfiksert, hevdar ho.

    - Vil dei læra noko, eller vil berre ha eit papir på at dei ha gått her, spør den noverande fyrsteamanuensisen ved Høgskulen i Sør-Trøndelag. Ystenes fortel ho vart sjokkert over kor dårleg kjemistudentane var førebudd til labøvingane på Rosenborg.

    - Studentane venta at eg som lærar skulle gjera alt for dei, men eg gav klar beskjed om at studentane heretter skulle vera førebudd. Studentane går jo trass alt på høgare utdanning.

    Ystenes fortel at det hjelpte å seia i frå. Det var tydeleg at dei ikkje var vande med å bli stilt krav til. Det kan verka som om somme førelesarar er for redde til å seia i frå, seier Beate Ystenes.

    Tause studentar

    Amerikanske Jennifer Bailey er fyrsteamanuensis i statsvitskap og føreles for studentane på Dragvoll. Ho meiner at skilandane mellom norske og til dømes amerikanske studentar er komplekse.

    - Dei norske studentane er mykje stillare enn dei amerikanske. Det ikkje berre det at dei ikkje stiller spørsmål i timane; når eg ser ut over førelesingssalen, er det heilt daudt. Du har ingen ide om kva studentane tenkjer - om førelesinga er for rask eller for sein, for enkel eller for vanskeleg. I følgje Bailey er ikkje tilhøva betre i mindre seminargrupper.

    - Noko av forklaring kan vera at norske studentar er redde for å stikka seg fram. For når dei fyrst snakkar, stiller dei gode spørsmål.

    Bailey fortel om årsakane til at amerikanske studentar snakkar meir i timane og med læraren.

    - For det fyrste må dei kjenna professoren eller førelesaren fordi ein attest frå ein professor betyr mykje meir i USA enn her. For det andre er det mykje hardare konkurranse i USA. Amerikanske studentar må i mykje større grad ta ansvar over sin eigen kvardag; dei får mindre oppfølgjing. For det tredje er ein del av karakteren på lågare grad basert på aktiv deltaking i klasserommet.

    Bailey meiner også dei kulturelle skilnadane forklarar mykje:

    - Nordmenn er i det heile mindre snakkesalige enn amerikanarar, seier Bailey som understrekar at mange norske studentar held eit relativt høgt nivå også samanlikna med amerikanske studentar.

    - I USA er kvaliteten meir differensiert. Dei beste er veldig gode, medan andre ikkje kan stokka orda i ein setning.

    Bailey hevdar at norske studentar har for lite skrivetrening.

    - Mange kan rett og slett ikkje skriva gode setningar og mange kan knapt driva research.

    Lite pensum

    Bailey påpeikar at talet på pensumsider på til dømes statsvitskap er latterleg lågt samanlikna med USA-standard.

    - Norske studentar tel kvar einaste side og klagar viss det er ti sider for mykje. Mange viser på denne måten ikkje genuin interesse for faget, seier Bailey.

    Han Dorussen, fyrsteamanuensis på statsvitskap, er heilt samd.

    - Pensum i Nederland og USA er meir enn dobbelt så stort som i Norge. Likevel klagar norske studentar mykje meir enn sine nederlandske og amerikanske kollegarer.

    - Der norske studentar skil seg frå kollegarer i andre land, er at dei forventar ein eksamen med tilnærma like spørsmål som eksamenar for tidlegare år. Dei vil kort sagt ikkje bli overranska på eksamen.

    Dorussen meiner dette fører til at det blir vanskeleg å endra og oppdatera pensum - noko som fører til at undervisningsemna ikkje blir fagleg spennande og aktuelt korkje for førelesar eller studentane.

    - Det er altså ikkje storleiken på førelesingssalen som er avgjerande. Store klassar er eit problem på universitet over heile verda. Der Norge skil seg ut, er dei tause studentane. Det som er oppsiktsvekkjande, er at studentane har så lite diskusjonar og gruppeundervising på lågare grad. Resultatet er at studentane blir uttrygge fordi dei ikkje blir kjent med kvarandre.

    Ikkje elite ved NTNU

    Dansk-amerikanske Kenneth Olwig (biletet), profesor i geografi, har undervist i USA, Danmark og Sverige. Han fortel at han har hatt kurs med ei blanding av utanlandske og norske studentar.

    - Skilnaden er merkbar, men samstundes finn mange nordmenn som gjerne vil vera aktive, samværet med utlendingar befriande.

    Olwig meiner det blir urettvist å samanlikna NTNU-studentar med studentar frå ein eliteinstitusjon i til dømes USA.

    - Skilnaden mellom grunnfagstudentane i geografi ved NTNU og grunnfagsstudentane ved til dømes The University of Winsconsin, Madison, er ikkje så stor.
     

    TEKST: NORALV PEDERSEN


     Les også: - Viktig debatt