NTNU lovar tiltak for seniorar
Seniorane er ein stor ressurs som NTNU ikkje tek vare på, viser
ei ny undersøking. Utanom økonomisk og juridisk rådgjeving
har universitetet ingen sentral personalpolitikk for denne aldersgruppa.
Personalsjefen lovar å leggja fram tiltak i løpet av 1999.
- Me vil ha ein livsløpspolitikk ved NTNU. Livsløpsførebuing
skal ikkje vera førebuing til pensjonisttilværet. Dette skal
gjelda alle. Det er mange som slit seg ut allereie i 40-50 års alderen,
seier Marion Kloep, Beatrix Vereijken og Ivar Bjørgen, alle ved
Psykologisk institutt.
Foto: Erik Prytz Reitan
NTNU er ikkje flink nok til å ta vare på den store ressursen
seniorar innehar, viser ei ny undersøking. Konklusjonen frå
den førebelse rapporten er klar: Seniorkursa på Bårdshaug,
som hovudsakleg vurderer den einskilde sin private økonomi, er ikkje
omfattande nok til å dekka behovet for kunnskap og ferdigheiter som
krevst for å takla overgangen til pensjonisttilværet.
Professorane Ivar Bjørgen og Leo Hendry og fyrsteamanuensane
Marion Kloep, Beatrix Vereijken og Rob Bongaardt, alle ved Psykologiske
institutt, har hatt det faglege ansvaret for den ferske undersøkinga
som 35 mellomfagsstudentar har utført.
- Bårdshaug-kursa oppmuntrar - gjennom sitt fokus på ordninga
om avtalefesta pensjon - seniorar til å slutta i arbeid ved 62 år.
Dette er i strid med Orgut si målsetjing om å ta vare på
kompetanse ved NTNU. Dette er heller ikkje i samsvar med staten sitt behov
for og retningslinjer i tilknytting til seniorpolitikken i statlege verksemder,
seier Ivar Bjørgen.
«Dei eldre»
Etter ti år med seniorrettleiing på Bårdshaug meiner
Bjørgen det vil vera nyttig med ei vurderinga av røynslene
so langt. Han trur sevicetelefon der seniorar kan få svar på
økonomisk og juridiske spørsmål kan vera eit bra supplement
til Bårdshaug-seminara. Professoren hevdar at tida no er inne til
å supplera med informasjon om kva som skapar ein god aldringsprosess
- psykisk, men også helsemessig.
- Spesielt er det viktig å få fram skilnaden på dei
problema og endringane som skuldast aldring og dei som skuldast sjukdom.
Denne aldersgruppa bør definerast annleis enn det har blitt gjort
til no.
Bjørgen viser til at Arbeids- og administrasjonsdepartementet
og Sosialdepartementet definerer seniorar som 45+.
- «Dei eldre» er eit sensitivt omgrep. Det kan vera støytande
for dei som blir omtala som «eldre». «Senior» er
mindre farleg. Sosialdepartementet kallar alle over 45 år for «seniorar».
Likevel var det respondentar som heller ikkje ville bli kalla seniorar.
Livsstilspolitikk
- Me vil ha ein livsløpspolitikk ved NTNU. Det er viktig at ein
institusjon som universitetet reflekterer over livsløpet og utviklar
ein personalpolitikk for heile livsløpet. Livsløpsførebuing
skal ikkje vera førebuing til pensjonisttilværet. Dette skal
gjelda alle. Det er viktig å finna fleksible ordningar startar på
eit tidleg tidspunkt. Det er mange som slit seg ut allereie i 40-50 års
alderen, til dømes i kampen for å kvalifisera seg til eit
professorat. Mange burde ha moglegheita til å ta seg eit sabbatsår.
I dag strekkjer utdanninga seg ofte til ein blir 30. Når i tillegg
pensjonsalderen nærmar seg 60, blir resultatet at produksjonsperioden
til eit menneske (30-60) bli kortare og kortare.
- At denne aldersgruppa vil måtte forsørga og ta vare på
både den fyrste og den tredje aldersgruppa, høyrest urimeleg
ut. Ut frå nyare kunnskap om livsløp er ei slik ordning også
urasjonell og unødvendig, ja, direkte skadeleg, hevdar Bjørgen.
Old dog learning new tricks
Professoren viser til at dette er ein relativt ny situasjon for samfunnet.
Og for ein relativt tungrodd organisasjon som NTNU er det viktig å
ta på alvor konsekvensane av den demografiske utviklinga. NTNU må
gjera det atraktivt å halda fram.
- All ny forsking om livsløp viser at periden 60 til 85/90 er
ein intellektuell produktiv periode for mennesket. Få vil ha eit
sedat liv, men heller utfordringar og eit aktivt arbeidsliv. Det er ikkje
noko motsetning å sova litt lenger om morgonen og gjera ein god jobb.
- So you can teach an old dog new tricks?
- Yes, seier Bjørgen bestemt.
NTNU set i gang tiltak
Det finst ingen sentral handlingsplan for seniorpolitikken ved NTNU.
Nokre fakultet har eigne senioravtalar. Undersøkinga og rapporten
frå Psykologisk institutt skal sparka i gang ein prosess som skal
resultera i konkrete tiltak innan utgangen av dette året, fortel
Knut Veium, leiar for Personalseksjonen ved NTNU. Personalseksjonen skal
sjå på alle forholda som som blir teke opp i rapporten, lovar
Veium.
TEKST: NORALV PEDERSEN
Les
også: Arbeidsnarkomane akademikarar |