Tek 18 000 arbeidsplassar
for gitt
Ei fersk undersøking viser at forsvaret utgjer over
18 000 årsverk for dei 32 forsvarskommunane i Nord-Norge.
Sju av ti kommunar seier dei er avhengig av Forsvaret for å
halda på busetnaden, men mindre enn to av dei same ti
kommunane har gjort tiltak for å halda på Forsvaret.
- Dette er oppsiktsvekkjande, seier Vegard Aune,
hovudfagsstudent i geografi ved NTNU, som står bak undersøkinga.
Han har i hovudfagsoppgåva undersøkt betydninga av
Forsvaret i Nord-Norge for befolkningsutviklinga i regionen.
- I dag er få kommunar truga med at Forsvaret skal leggja
ned, men dette vil truleg bli ei relevant problemstilling i
framtida. Mange kommunar kan «vakna» for seint.
Undersøkinga viser at forsvaret har store ringverknader i
eit lite lokalsamfunn.
- I tillegg til materialinvesteringar, bygge- og
anleggsinvesteringar, kjøp av varer og tenester, lønsutgifter
og ei rekkje andre faktorar, bidreg forsvaret med ressurssterke
personar. Mange kommunar set pris på at forsvarspersonell
tek aktive roller i idrett, skulekorps, skule, lokal næringsutvikling
og lokalpolitikk, seier Aune.
Forsvaret held på folk
Flyttar Forsvaret, flyttar folket med. Det hevdar 22 av 32
forsvarskommunar. Undersøkinga viser også at kun seks
forsvarskommunar trur dei kan få til nyskaping i næringslivet
viss forsvaret legg ned. Dei siste ti åra har 69 av dei 89
kommunane i Nord-Norge vore fråflyttingskommunar. Aune viser
med undersøkinga si at det er klare teikn på at
lokalisering av Forsvaret i Nord-Norge har vore ein bevisst
distriktspolitikk i mange år. Statistikk viser at 78 prosent
av forsvarskommunane har svært låg sentralitet - ei
omgrep som fortel om reiseavstand i forhold til sentrum.
Eit anna resultat i undersøkinga er at svært mange
forsvarskommunar stiller seg uforståande til negative
ringverknader på grunn av forsvaret sin aktivitet. Negative
ringverknader kan vera arealbrukskonfliktar, auka støyplagar,
natur- og miljøskadar, uro og kriminalitet, liten
stabilitet i folkesetnaden og fleire pendlarar. Det interessante
er at eit stort fleirtal av dei andre ikkje-forsvarskommunane er
enig i at forsvaret skapar negative ringverknader for kommunane.
Aune meiner det to moment som forklarer det markante skiljet:
- For det fyrste har ikkje-forsvarskommunar fordommar mot
forsvaret og for det andre er forsvarskommunane truleg redde for å
kritisera ein så viktig arbeidsgjevar. Sanninga ligg nok ein
stad midt i mellom.
Styrkane forsvinn
Aune hevdar at Nato også spelar ei viktig rolle i
lokaliseringa av Forsvaret i Nord-Norge:
- Fram til Berlin-murens fall var Nord-Norge var styrkeimportør
i Nato-samanheng, dvs. at Forsvaret i regionen fekk tilført
personell og materiell frå Nato. Årsaka var at
Nord-Norge var for USA eit framskote forsvar mot Russland i aust.
Etter 1989 har regionen meir og meir blitt styrkeeksportør.
Nato sender styrkar sørover - slik me ser på Balkan i
dag. Dette bør vera eit kraftig vasko til
forsvarskommunane. Les
også: Bygda som ikkje vil døy |