Bondevik eller NTNU sin mann i verdikommisjonen?

Brita Gjerstad, Gry Mette Haugen, Trine Holter og Hege Lundeby spør i Universitetsavisa nr 5 om det er rett å tolke meg slik eg tar meg «rett til å å definere korleis det er rett eller galt å leva». Nei så langt derifrå, og det er heller ikkje Verdikommi-sjonens oppgave. For det første; til praktiske formål vil eg med Ottar Hellevik definere verdiar som det vi ønskjer å få ut av livet. Dette kan berre den einskilde sjølv definere. Dermed er vårt eige verdigrunnlag noe av vårt mest dyrebare, ein menneskerett, så å seie. Det som sto om sanninga i intervjuet var reve ut av ein samanheng, der eg sa at som forskarar (og som synsarar) kan vi ikkje la vera å stille spørsmål fordi vi er redd for dei svara vi får. Sjølv om både Gjerstad m.fl. og eg sannsynlegvis er samde om at dei fleste barnehagar er bra for dei fleste barn, kan vi ikkje la vera å stille spørsmålet om alle barnehagar er bra for alle barn i heile småbarnsperioden. Vi kan vel heller ikkje anklage Jens Bjørneboe for å vera imot skolen fordi han skreiv boka Jonas om latinskolens Lille Marius. Eg trur forøvrig at boka om barnehagens Lille Marius enno ikkje er skreven. Når det gjeld fagfolks syn, vil eg tillate meg å sitere Bergens-sosiolog og kvinneforskar Kari Wærness som seier at «Gode pedagogiske argumenter for at de minste bør være i barnehage er ikke kommet frem.... For barn over tre over finnes det derimot en rekke gode argumenter for barnehagen som et pedagogisk tilbud.» (Bergens Tidende, 23. januar 1998.) Vel å merke; dersom personalet har dei nødvendige pedagogiske kvalifikasjonar, vil eg legge til. Det må vera uroande for fleire enn meg, når andelen med fagutdanna førskolelærarar i barnehagane er så låg som den er (ca. 25 %). Enn om berre ein av fire sjåførar i TT hadde hatt førarkort av klasse II?

Når det gjeld argumentet eg brukte om måndagen som ein vanskeleg dag, gjekk det ikkje bestemt på om barn har vore på søndagstur eller ikkje, slik det sto i intervjuet, men på den konflikten barn opplever når dei ikkje får vera saman med sine to nærmaste personar samtidig i helgene. Dette er ein objektiv konflikt, som ikkje er lett å løyse i familiar etter samlivsbrot, eller for einslege foreldre generelt. Eg trur at konflikten blir ekstra tydeleg på fredagar og måndagar, som ofte blir grenseflater mellom dei to foreldra, men også mellom skole/arbeid på den eine sida og fritid på den andre. Fleire som arbeider i skolen, har fortalt meg at måndagen er ein vanskeleg dag fordi det er den dagen da verdiane frå ulike arenaer kolliderer. For dei som har mor og far som lever kvar for seg, og desse har delt samversrett, tar det tid å få re-etablert skolens og mors normsett. Ja, måndag kan vera ein vanskeleg dag for mange, så vi treng meir «måndagssosiologi».

Eg er samd med Gjerstad m.fl. i at vi både med augemål og ved å studere relevant forsking kan sjå at det går bra med dei fleste barn der foreldra må flytte frå kvarandre, og heldigvis for det! Det skulle heller ikkje vera nødvendig å seie at det ikkje finst noen veg tilbake til gamle dagar. Og om så var, tviler eg på at særleg mange ville bli med dit. Men eg stiller meg tvilande til om barn som gruppe har betre livskvalitet i Norge i dag enn på femtitalet. Vi bør derfor stille spørsmålet om korleis vi skal utvikle samfunnet og arbeidslivet vårt slik at familien kan makte å gje barna trygge og gode oppvekstvilkår. Alt prat om at familien er død, held eg for å vera post-modernistisk pisspreik, på linje med påstanden om at nasjonalstaten er død. Men familien har fått store, nye utfordringar. Vi treng derfor ein skarp debatt om kor både familien, skolen og barnehagen kjem til kort, og dette blir i noen grad ein verdidebatt, men også ein politisk debatt, særleg når vi skal sjå oss om etter rådgjerder. Sjølv meiner eg at vi i alt for stor grad lar oss ete opp av dei grådige institusjonane som utdanningsvesenet og arbeidslivet. Arbeidslivet vårt er i alt for liten grad prega av familiverdiar, definert som omsorg og omtanke for det totale mennesket.

Det viktigaste verkemidlet for å hjelpe barnefamiliane ut av tidsklemma, er forøvrig alt oppfunne med forslaget om 6-timars arbeidsdag. Men denne reformen vil neppe bli realisert i vår tid dersom arbeidstakarorganisasjonane står fast på kravet om full lønnskompensasjon. Dersom vi tok ut all lønnsauke som arbeidstidsforkorting, ville vi ha 6-timarsdagen i løpet av ein fem-seksårsperiode. Men det er vel for mye å vente, at folk flest skal prioritere slike verdiar, framfor pengar? Dei lågtlønte kunne få spesielle lågtlønnstillegg i ein slik reformperiode, for å unngå at dei blir skadelidande.

Nei, eg må nok skuffe både Universitetsavisa og Gjerstad med fleire; eg kjem ikkje til å bli dykkar «mann i Verdikommisjo-nen». Eg kjem heller ikkje til å bli Bondeviks »nyttige idiot», som vår kollega, professor Arnulf Kolstad så generøst utnemnte meg til i NRK's «Tårnmøte» fredag 20.3. Regjeringa har forøvrig gitt oss eit romsleg og godt mandat. Både tilsette og studentar ved NTNU er så ressurs-sterke og har så mange talarstolar, både for forsking og synsing, at de får greie dykk sjølve. Derimot ønskjer eg å vera tale-røyr for dei som har små ressursar, store problem og få talarstolar. På den måten kan verdikommisjonen reise nye problemstillingar, bidra til å sette ein ny dagsorden, og kanskje også koma med ein og annan god idé om korleis vi kan ordne våre liv og vårt arbeidsliv, slik at vi får realisert våre viktigaste verdiar.

Reidar Almås


forsida  nyheter  kronikk  innspill  kultur  debatt