NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet  
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes  

Teknisk ansvarlig:  
Erik Prytz Reitan

 
Internett skapar stort behov blant studentar: 

Bruker millionar på data 

I løpet av 1999 får studentane truleg tilbod om PC til 5000 kroner. 

Ein ny IT-rapport viser at kvar student på Steinan har - sidan det vart kopla opp internett på alle hyblane hausten 1996 - kjøpt datautstyr for i gjennomsnitt 15 000 kroner, dette trass i at alle studentane har tilgang til datasalar på universitetet. 

- Med internett på hybelen sit studentane heime og jobbar med fag. Den auka studentmassen opprettheld likevel presset på datasalane ved NTNU, seier Ole Kristen Solbjørg, hovudfagsstudent i pedagogikk. Han og Katrine Nesje, også hovudfagstudent i pedagogikk, har på oppdrag av Studentsamskipnaden i Trondheim kartlagt bruken av IT ved studentbyane på Molholt og Steinan. Rapporten er utført under prosjektgruppa for IKT og Utdanning ved Pedagogisk institutt. Dette er fyrste gong det er gjort ei slik undersøking. 400 spørjeskjema på Steinan og 1345 på Moholt vart delt ut. Svarprosenten var 32.  
- Tilgangen til internett har skapt eit behov som er kostbart for unge menneske som lever på lån, seier Solbjørg. Undersøkinga viser at kvinner og menn brukar like mykje pengar på datautstyr, men gutane har likevel det beste utstyret. Solbjørg meiner det kan vera vanskeleg å orientera på IT-marknaden der prisar kan variera mykje. Han trur det er behov for stønadsordningar for studentar som blir tilbydd internett. 
- Uvissheita kring sjølve kjøpet gjer at mange ventar med å kjøpa. Dermed får dei ikkje utbytte av tilbodet. 

Stig Ole Johnsen, IT-sjef ved NTNU, fortel at NTNU jobbar med å få tak i PC til 5000 kroner, som kan seljast til studentane innan utgangen av 1999. 
- Ved NTNU kan studentane allereie få programvare gratis, og me vil ha ein student-PC som garantert kan bruka denne programvara. Datamaskina vil bli distribuert gjennom Tapir eller Telenor, seier Johnsen. 
  

  
TEKST: NORALV PEDERSEN
  
Les også: Bruker nettet hele døgnet
Les også: På nett døgnet rundt