Toppidrettskvinna:
Ekstremt feminin - og maskulin
Pionerundersøking viser at toppidrettskvinner er både
ekstremt maskuline og ekstremt feminine samanlikna med vanlege
kvinner.
Ny NTNU-forsking viser at toppidrettskvinner sin androgynitet er
gunstig for å hevda seg i eit konkurransemiljø.
- Kvinnelege toppidrettsutøvarar er pågåande,
tøffe, uavhengige, viljesterke, sjansesøkjande og
dominerande. Det er Kathrine Bjørgan som
seier dette. Ho leverte i fjor ei hovudfagsoppgåve i
idrettsvitskap ved NTNU, der ho undersøkte personlegdom og
kjønnsidentitet hjå 189 norske kvinnelege
toppidrettsutøvarar. Dette er den fyrste undersøkinga
i sitt slag som er gjort i Europa.
Ekstremt maskulin
Utgangspunktet til Bjørgan var å finna ut om
kvinnelege toppidrettsutøvarar må ha spesielt
maskuline personlegdomstrekk for å hevda seg i ein
tradisjonell mannskultur, noko toppidretten gjerne blir oppfatta
som. Bjørgan fann då også at toppidrettskvinner
er meir maskuline enn vanlege kvinner.
- Å vera toppidrettskvinne krev stor treningsinnsats og
konkurranseinnstinkt - noko som har vorte oppfatta som eit
tradisjonelt maskulint trekk. Dessutan er det mange mannlege
trenarar i den kvinneleg toppidretten, som har mannlege
haldningar, tankegang og metodar, seier Bjørgan og peikar på
at dette kan vera ei viktig årsak til at mange jenter blir
skremt vekk frå idretten i tenåra.
Samstundes viser undersøkinga at toppidrettskvinner også
er meir feminine enn vanlege kvinner.
- Dei har altso meir ekstreme kvalitetar i både maskulin
og feminin retning og har med andre ord androgyn personlegdom,
seier Bjørgan som forklarar dette med at toppidrettskvinner
kanskje er fokuserte på å ta vare på dei
feminine sidene ved personlegdomen og identiteten sin.
- Ein annan årsak kan vera at toppidrettskvinnene er redde
for å innrømma at dei ikkje skårar høgt
nok på feminine eigenskapar og at dette er ei mogleg
feilkjelde i undersøkinga.
Feminine fotballsparkarar
Bjørgan, som no er lektor i kroppsøving ved Høgskulen
i Sogn og Fjordane, kan avliva myten om dei maskuline kvinnelege
fotballspelarane: - Ein av hypotesane mine var at
lagidrettar som ishockey og fotball var meir maskuline enn til dømes
langrenn, men eg fann ingen skilnad mellom lagidrettar og
individuelle idrettar. Kvinnelege ishockey- og fotballspelarar har
på same måten som ski- og orienteringsløparar
sterkare maskuline enn vanlege kvinner, men dei har også
sterkare feminine trekk, seier Bjørgan. Ho har sjølv
drive langrenn på høgt nivå og var med på
landslaget for juniorar. - Dei siste tiåra
har det blitt sagt at kjønnsrollene og kjønnsidentiteten
endra seg. Kvinnene har på mange felt nærma seg
mannen; dei er blitt tøffare i yrkesvalet, og stadig fleire
kvinner søkjer seg til leiarposisjonar, men undersøkinga
stadfestar likevel dei tradisjonelle skilja mellom mann og kvinne.
Den typiske studentkvinna er framleis hengivande, forståingsfull,
trøystande, varm, øm, venleg og ein person som viser
medkjensle, avsluttar Bjørgan.
TEKST:
NORALV PEDERSEN
Les også: Guri Knotten kjenner
seg att Les også:
Metoden og resultata frå undersøkinga |