Fredsforhandlingar på Brygga
Ein guvernør, ein geriljaleiar, to presidentar og ein
fredsmeklar. Dei forhandlar om dei siste punkta i ein fredsavtale
som skal stogge den blodige borgarkrigen i Tilver.
- Her er det ordet og dialogen som skal råda, ikkje våpna,
formanar FN-utsending Jojo Mpumbu. Han leiar dei vanskelege
fredsforhandlingane om den vesle, fiktive provinsen Tilver som dei
siste åra har blitt herja av borgarkrig. Diskusjonen tek
lang tid, og usemja er stor mellom guvernøren av Tilver og
presidenten av Cormeria som i mange år systematisk har
diskriminert kulturen og språket i Tilver. FN-utsendingen
manar nok ein gong til forsoning: - De må hugsa
at me er her for å løysa ein konflikt, ikkje for å
kriga.
Klem frå fienden
Me er i hjarta av ISFiT, i ei av dei 13 workshop-gruppene
«Apply Problem Solving». Her finn du altså
tyranniske presidentar og opprørske guvernørar frå
ein ikke-eksisterande provins, som i løpet av to timar i
kjellaren på Studentbrygga prøver å diskutera
seg fram til ein varig fredsavtale. To av desse er guvernøren
av Tilver, Amani Athar (33) frå Rwanda, og den dyktige
fredsforhandlaren, Jojo Mpumbu (28) frå Kongo. Den fyrste
gongen dei to møtte kvarandre, var på Gløshaugen.
Då Jojo fortalde at han var kongolesar, ropa Amani «You
ought to be my enemy!» - før han gav Jojo ein god
klem.
- Eg var litt redd for at Amani skulle slå, men sidan han
har fått bomma røyk hjå meg, har det gått
bra, ler Jojo. Jojo og Amani er saman med Caesar Rex Okello (25)
frå Uganda på kvar si side av ein sentralafrikansk
krig dei ikkje forstår meininga med.
Folkemord
I Amani sitt heimland, Rwanda, har det vore krig og urolegheiter
dei siste 40 åra. Årsaka er den etniske konflikten
mellom hutuar og tutsiar i Rwanda og Burundi. Då konflikten
endeleg fekk merksemd frå vestlege media i 1994, hadde
allereie 1,25 millionar innbyggjarar i dei to sentralafrikanske
landa blitt drepne. Spenninga mellom hutuar og tutsiar skriv seg
frå den tyske og belgiske kolonitida. Tutsiane som utgjer 15
prosent av innbyggjarane i Rwanda og Burundi, blei favorisert av
kolonilanda. Den ulike handsaminga av dei to folkegruppene har ført
til ei rekkje borgarkrigar, militærkupp og attentat mot
statsmenn sidan Rwanda blei sjølvstendig i 1959.
I dag er det ikkje berre konflikten mellom hutuar og tutsiar som
pregar Sentral-Afrika. Hundretusenvis som har prøvd å
flykta frå herjingane, har involvert Rwanda sine naboland,
mellom andre Uganda og Kongo. I dag har det dessutan blussa opp
ein maktkamp mellom Kongos president Kabila og statsleiarane i
Uganda og Rwanda, som har gjort situasjonen mellom dei tre landa
endå meir spent.
Spionfrykt
- Dette er ikkje vår krig, men ein krig som er laga av
politikarar, seier Amani. Han er fødd og oppvaksen i Kongo,
men flykta saman med familien sin til Rwanda etter grusomme
herjingar i Aust-Kongo. Litteraturstudenten tykkjer det er trasig
at dei tre berre kan vera vener i Europa og ikkje i heimlanda.
Ingeniørstudenten Jojo frå Kongo samtykkjer:
- Eg har mange kjenningar i Uganda og Rwanda, men kan ikkje
vitja dei fordi eg vil bli rekna som ein spion frå fienden.
Det er vanskeleg å få gjort noko: Studentane i Kongo
har ikkje ytringsfridom; me kan ikkje gå til pressa, me kan
ikkje diskutera ope på universiteta. Kritiserer me president
Kabila og politikken hans, risikerer me fengselstraff.
Leiarar for framtida
Dei tre meiner det var statsleiarane i Sentral-Afrika som skulle
ha møttest på ISFiT.
- Her hadde dei fått høve til å knytta sterke
venskapsband i ei uforpliktande og trygg atmosfære,
forklarar Caesar Rex. Legestudenten frå Uganda meiner å
ha sett ei mentalitetsendring hjå deltakarane i
workshop-gruppa under ISFiT.
- Me har lært metodar for konfliktløysing. Ein
tillitsfull dialog kan løysa mange konfliktar. Dette er
noko kvar einskild deltakar kan overføra til forholda i
heimlandet.
Amani nikkar:
- Viss det er eg, Jojo og Caesar Rex som blir leiarane i
framtida, blir det slutt på krigen i Sentral-Afrika.
TEKST: NORALV PEDERSEN
Les
også: Den milde mannen frå Timor Lorosae |