Historien om HUNT - Helseundersøkelsen i Trøndelag
Historia om HUNT
Å satse på medisinsk forsking i Nord-Trøndelag tala mot all sunn fornuft i 1980-åra. Fylket hadde verken forskingstradisjonar eller forskingsmiljø, men likevel var det nokre som trudde at fylket kunne bidra med viktig informasjon om folkehelse. I dag er HUNT forskningssenter på Levanger eit etablert og moderne forskingssenter som har fått nasjonal og internasjonal anerkjenning for sin medisinske kunnskap.
Kvifor Nord-Trøndelag?
I 1976 vart Gruppe for helsetenesteforsking etablert. Denne forskingsgruppa interesserte seg særleg for dei store og kostbare folkesjukdommane, og fekk stipendmidlar for å evaluere kvaliteten av blodtrykksbehandlinga i allmennpraksis. Jostein Holmen frå Verdal fekk stipendet, og starta opp i 1980. Ein del av studien var blant anna behov for å undersøkje kor mange som gjekk rundt med høgt blodtrykk som ikkje var diagnostisert. I 1981 vart det difor oppretta kontakt med dåverande SHUS for å drøfte moglegheitene for ei masseundersøking i Nord-Trøndelag. SHUS var interessert, og planarbeidet til det som skulle bli HUNT1 starta.
I 1984 blei det som i utgangspunktet var ein beskjeden blodtrykksstudie utvikla til HUNT1, eit stort prosjekt der 85.000 nord-trøndarar vart inviterte. Etter at HUNT1 var gjennomført i 1986, hadde fleire legar og andre forskarar opphald ved senteret i Verdal over kortare eller lengre tid. Nokre av desse blei med i planlegginga av HUNT2 og har sidan fått langvarig tilknyting til HUNT forskningssenter.
Organisering og strategi
Senteret var opphavleg ein del av Gruppe for helsetenesteforsking, som i 1982 vart overført frå NAVF (i dag NFR) til Folkehelsa (i dag Folkehelseinstituttet). Ein periode var senteret ei eiga eining under Folkehelsas Avdeling for samfunnsmedisin, men vart i 1998 lagt under Seksjon for epidemiologi.
HUNT og NTNU
Forskingssenteret i Verdal vart etablert i 1984, og fram til år 2000 var Statens institutt for folkehelse, Folkehelsa (i dag Nasjonalt Folkehelseinstitutt), den ansvarlege moderinstitusjonen.
1. januar 2001 vart HUNT og HUNT forskingssenter tilknytt Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie ved Fakultet for medisin og helsevitskap, NTNU, men Nasjonalt Folkehelseinstitutt og Trøndelag fylkeskommune er framleis viktige samarbeidspartnarar.
Viktig anerkjenning
Bakgrunnen for overføringa av HUNT frå dåverande Folkehelsa til NTNU låg i Statsbudsjettet for 2001. Der føresette Stortinget overføring til NTNU. HUNT fekk etter dette ei løyving for 2001 på 3,2 millionar kroner. Dette var ei anerkjenning av HUNT som eit viktig nasjonalt prosjekt, og viste at statlege myndigheiter ynskja å satse på HUNT i eit langsiktig perspektiv. Vidare bidrog løyvingane frå Statsbudsjettet til at drifta av forskingssenteret vart sikrare, blant anna med fleire faste stillingar. Hausten 2007 flytta biobanken inn i nybygde lokale i Levanger, og to år seinare flytta forskarar og administrasjon etter.